| Generell informasjon om aurefiske
i Sunnfjord Førde, Gaular og Jølster er eit eldorado for hobby- og sportsfiskarar! Gaular- og Jølstervassdraga eigner seg godt for fiske med fluge, makk eller sluk frå land eller med fluge, sluk, makkedrag eller oter frå båt. Elvar og vatn som er kjende og verd å prøve; Jølstra, Gaula, Haukedalsvatnet og Jølstravatnet. Våtedalen, Hestadfjorden, Viksdalsvatnet, Føllingsvatnet, Åsavatnet og Movatnet. Fiskekort får du kjøpt på turistkontora, fleire overnattingsstader, sportsbutikkar, bensinstasjonar og landhandlarar. Alle over 16 år må løyse statleg avgift for fiske etter laks og sjøaure, kr. 180,-. Fiskeprodukt i Jølster Norsk Fiskesenter ![]() Norsk Fiskesenter ligg ved Jølstra og Jølstravatnet. Dei organiserer og tilrettelegg fisketurar med guide for enkeltpersonar, gruppar og firma. Dagstur med leige av utstyr, fiskekort og 4 timers guiding til dei beste fiskeplassane, kr. 350,- pr pers. Sesong: Oter: 1. juni-15. august Stang: Heile året. Kontaktperson: Eivind Fossheim Adr.: N-6847 Vassenden Mobil: 91 13 95 52 E-post Fiskeprodukt i Førde Husetuft Hytter ![]() Husetuft ligg i Nydalen, har til utleige 3 fullt utstyrte hytter og 2 robåtar i to vatn. Frys til disposisjon. Prisar pr døgn: hytte kr. 550,-, fiskekort kr. 50,- og robåt kr. 100,-. Garnfiske med grunneigar på førespurnad kr. 200,- pluss kr. 35,- pr kg fisk. Sesong: 1. juni-30. september. Kontaktperson: Albert Husetuft. Adr.: N-6819 Holsen Tlf. 57 82 47 27 E-post Rørvik ![]() Garden Rørvik ligg 1 km frå nærbutikken og har 2 utleigehytter med plass til 6 og 8 personar. Hyttane har straum, utstyrt kjøken, stove og 3 soverom men ikkje innlagt vatn. Rørvik har 5 robåtar til leige, litt fiskeutstyr til utlån og redningsvester. Prisar pr døgn: hytte kr. 350,-, robåt kr. 70,- og fiskekort kr. 60,-. Sesong: 1. juni-1. oktober. Selgjer fiskekort for heile Gaularvassdraget. Kontaktpersonar: Gert Runar og Johan Rørvik. Adr.: N-6818 Haukedalen Tlf. 57 82 51 26 eller mobil: 95 22 32 16 E-post Haukedalen Fiske- og båtutleige v/Årskaug ![]() Årskaug ligg i austenden av Haukedalsvatnet ved elvemunninga. Her ligg ei ny fiskehytte med vedomn, gasskokeapparat og plass til 2 personar. Utedo. Ta med sovepose. Prisar pr døgn: hytta og fiske i elva kr. 350,-, robåt kr. 100,-, fiskekort for vatnet kr. 60,- og fiskekort kun for elva kr. 75,-. Sesong: 1. juni-1. oktober. Selgjer fiskekort for heile Gaularvassdraget. Kontaktperson: Sigmund Årskaug. Adr.: N-6818 Haukedalen Tlf. 57 82 51 41 eller mobil: 91 79 22 93 Fiskeprodukt i Gaular Hellebust Hytter
|